Merkelapp-arkiv: Skog- og handverksdag

Skog- og handverksdag

Bjørkedal kystlag og Bjørkedal båtsamlingar held på tradisjonane og byr inn til den årlege skog- og handverksdagen i Bjørkedal båtsamlingar andre pinsedag. Vi set fokus på handverka og næringane knytt til båtbygging.

Måndag 25. mai frå kl 13.00 (andre pinsedag).

Bjørkedal skogeigarlag er også med på markeringa, sidan skog, sagbruk og båtbygging heng tett saman og er delar av samme næringskjeda på Bjørkedalen.

Freidig 4H også er med. Forbundet KYSTEN og 4H har inngått eit formelt samarbeid. Freidig 4H på Bjørkedalen er einaste 4H-foreininga i Volda. Dei vil legge til rette for aktivitetar for dei minste denne dagen.

Bjørkedal kystlag er ei lokalforeining av Forbundet KYSTEN og har i dag nesten hundreogtjue medlemmar i Volda og elles på Sunnmøre. Forbundet KYSTEN er ein kulturvernorganisasjon som arbeider for å verne om kystkulturen. Bjørkedal kystlag har særleg fokus på båtbyggartradisjonane i kommunen, men også på kulturminne og historie knytt til fjorden.

Bjørkedal båtsamlingar har omlag tjue båtar i utstillingane sine. Den gamle oppgangssaga i Laurdalselva er også ein del av samlingane. Historia til denne saga går tilbake til tidleg på 1700-talet. Den vart flytta til Laurdalselva i 1829, der den var i bruk fram til 1906 då sirkelsagene tok over. I 1993-96 vart den satt opp igjen på dugnad av grannane på Søre Bjørkedal.

Som vanleg skal vi brenne tjære og smi.
Hornelen kystlag kjem for å demonstrere barking av segl.

Dette er ein open dag som passar for heile familien, med aktivitetar for barna og høve til å kjøpe enkel mat (lapskaus, sveler, kaffi, saft).

Vi ønskjer mest av alt at folk skal ta seg tid til å sette seg ned og prate. Formidling er viktig om tradisjonar skal kunne overførast til komande generasjonar.DSC_0070

Kystens dag – Handverksdag

I Bjørkedal båtsamlingar torsdag 29. mai kl 13.00. (Helgetorsdag)

Bjørkedal kystlag og Bjørkedal båtsamlingar markerer Kystens dag på Helgetorsdag ved å sette fokus på handverka og næringane knytt til båtbygginga på Bjørkedalen. Denne dagen er ein mangeårig tradisjon. 

Bjørkedal skogeigarlag og Volda/Ørsta skogeigarlag er også med på markeringa, sidan skog, sagbruk og båtbygging heng tett saman og er delar av samme næringskjeda på Bjørkedalen.

Nytt i år er at Freidig 4H også er med. Forbundet KYSTEN og 4H har inngått eit formelt samarbeid. Freidig 4H på Bjørkedalen er einaste 4H-foreininga i Volda. Dei vil legge til rette for aktivitetar for dei minste denne dagen.

Kystens dag er tenkt som ein nasjonal, årlig festdag for kysten. Målet med dagen er å sette eit positivt fokus på kysten og næringane og produkta knytt til den: fiskeri- og havbruk, sjøtransport, hamner og skipsleider, sjømat, forsking, forvalting… heile kystkulturen vår. Hovudmarkeringa av Kystens dag finn stad 9. juni.

Bjørkedal båtsamlingar har omlag tjue båtar i utstillingane sine. Den gamle oppgangssaga i Laurdalselva er også ein del av samlingane. Historia til denne saga går tilbake til tidleg på 1700-talet. Den vart flytta til Laurdalselva i 1829, der den var i bruk fram til 1906 då sirkelsagene tok over. I 1993-96 vart den satt opp igjen på dugnad av grannane på Søre Bjørkedal.

Dette er ein open dag som passar for heile familien, med aktivitetar for barna og høve til å kjøpe enkel mat. Viønskjer mest av alt at folk skal ta seg tid til å sette seg ned og prate. Formidling er viktig om tradisjonar skal kunne overførast til komande generasjonar.

Meir hoppetau produksjon. Foto: Heidi Thöni Sletten

Meir hoppetau produksjon. Foto: Heidi Thöni Sletten