Merkelapp-arkiv: ølbrygging

Kystens dag – Handverksdag

I Bjørkedal båtsamlingar torsdag 29. mai kl 13.00. (Helgetorsdag)

Bjørkedal kystlag og Bjørkedal båtsamlingar markerer Kystens dag på Helgetorsdag ved å sette fokus på handverka og næringane knytt til båtbygginga på Bjørkedalen. Denne dagen er ein mangeårig tradisjon. 

Bjørkedal skogeigarlag og Volda/Ørsta skogeigarlag er også med på markeringa, sidan skog, sagbruk og båtbygging heng tett saman og er delar av samme næringskjeda på Bjørkedalen.

Nytt i år er at Freidig 4H også er med. Forbundet KYSTEN og 4H har inngått eit formelt samarbeid. Freidig 4H på Bjørkedalen er einaste 4H-foreininga i Volda. Dei vil legge til rette for aktivitetar for dei minste denne dagen.

Kystens dag er tenkt som ein nasjonal, årlig festdag for kysten. Målet med dagen er å sette eit positivt fokus på kysten og næringane og produkta knytt til den: fiskeri- og havbruk, sjøtransport, hamner og skipsleider, sjømat, forsking, forvalting… heile kystkulturen vår. Hovudmarkeringa av Kystens dag finn stad 9. juni.

Bjørkedal båtsamlingar har omlag tjue båtar i utstillingane sine. Den gamle oppgangssaga i Laurdalselva er også ein del av samlingane. Historia til denne saga går tilbake til tidleg på 1700-talet. Den vart flytta til Laurdalselva i 1829, der den var i bruk fram til 1906 då sirkelsagene tok over. I 1993-96 vart den satt opp igjen på dugnad av grannane på Søre Bjørkedal.

Dette er ein open dag som passar for heile familien, med aktivitetar for barna og høve til å kjøpe enkel mat. Viønskjer mest av alt at folk skal ta seg tid til å sette seg ned og prate. Formidling er viktig om tradisjonar skal kunne overførast til komande generasjonar.

Meir hoppetau produksjon. Foto: Heidi Thöni Sletten

Meir hoppetau produksjon. Foto: Heidi Thöni Sletten

 

Kurs i ølbrygging

Kurs i ølbrygging

Det blir kurs i ølbrygging torsdag 29. mai (Helgetorsdag).

Bryggar: Per Arne Bjørkedal, som har brygga til årsmøtefestane siste åra, lærer bort nokre av kunstene sine.

Stad: Slaktehuset på Sørdalen (ligg i skogkanten til høgre for Båtsamlingane når du kjem nedanfrå)
Tid: 29. mai kl 10.00 (går ferge frå Volda 9.30)
Pris: 400.- for medlemmar, 500.- for andre

Påmelding: Til Tove; keipen[a]online.no, 91842458

Det vert mest å sjå på for å lære. Vi håper mange nyttar høvet!