Sundag 9. juni inviterer Bjørkedal kystlag, Naturvernforbundet og Seksjon for idrett og friluftsliv ved Høgskulen i Volda til open aktivitetsdag på basen på Yksnøya. Les meir på høgskulensnettsider.
Sundag 9. juni inviterer Bjørkedal kystlag, Naturvernforbundet og Seksjon for idrett og friluftsliv ved Høgskulen i Volda til open aktivitetsdag på basen på Yksnøya. Les meir på høgskulensnettsider.
I Bjørkedal båtsamlingar torsdag 29. mai kl 13.00. (Helgetorsdag)
Bjørkedal kystlag og Bjørkedal båtsamlingar markerer Kystens dag på Helgetorsdag ved å sette fokus på handverka og næringane knytt til båtbygginga på Bjørkedalen. Denne dagen er ein mangeårig tradisjon.
Bjørkedal skogeigarlag og Volda/Ørsta skogeigarlag er også med på markeringa, sidan skog, sagbruk og båtbygging heng tett saman og er delar av samme næringskjeda på Bjørkedalen.
Nytt i år er at Freidig 4H også er med. Forbundet KYSTEN og 4H har inngått eit formelt samarbeid. Freidig 4H på Bjørkedalen er einaste 4H-foreininga i Volda. Dei vil legge til rette for aktivitetar for dei minste denne dagen.
Kystens dag er tenkt som ein nasjonal, årlig festdag for kysten. Målet med dagen er å sette eit positivt fokus på kysten og næringane og produkta knytt til den: fiskeri- og havbruk, sjøtransport, hamner og skipsleider, sjømat, forsking, forvalting… heile kystkulturen vår. Hovudmarkeringa av Kystens dag finn stad 9. juni.
Bjørkedal båtsamlingar har omlag tjue båtar i utstillingane sine. Den gamle oppgangssaga i Laurdalselva er også ein del av samlingane. Historia til denne saga går tilbake til tidleg på 1700-talet. Den vart flytta til Laurdalselva i 1829, der den var i bruk fram til 1906 då sirkelsagene tok over. I 1993-96 vart den satt opp igjen på dugnad av grannane på Søre Bjørkedal.
Dette er ein open dag som passar for heile familien, med aktivitetar for barna og høve til å kjøpe enkel mat. Viønskjer mest av alt at folk skal ta seg tid til å sette seg ned og prate. Formidling er viktig om tradisjonar skal kunne overførast til komande generasjonar.