Merkelapp-arkiv: Kulturminnedagene

Det skjer mykje i september

Søndag 7. september skal det vere friluftsgudsteneste på Korsen på Kile kl 12.00.
Det vert då lagt opp til at folk kan ro frå Helset og over vatnet til gudstenesta. Kystlaget står som arrangør av roinga. Start kl 10.30.
Etterpå vert det kyrkjekaffi med moglegheit for å kjøpe enkel middag. Freidig 4H har ansvaret for dette, frå ca 13.30.

Søndag 14. september frå 12.00 til 17.00 skal det vere Årsetøystemne. Kystlaget skal då hjelpe til med transport. Både «Nordlys» og Alsaker sine med «Åsa» skal gå mellom Høydalen og Årsetøya.
Transporten er gratis, men dei tek 50.- for omvising på øya. Det vert også mogleg å kjøpe kaffi og kake. Dei treng pengar for å vedlikehalde Årsetøya også.

Søndag 21. september skal Høgskulen/Forskningsdagane lansere det nye bokverket» Norges kyst- og fiskerihistorie» på Miljøsenteret på Runde.