Merkelapp-arkiv: Helset

Rostemne på Bjørkedalsvatnet

Rostemne på BjørkedalsvatnetLaurdag 30. august frå kl 12.00.

Lag, organisasjonar, spontane grupper og einskildpersonar vert inviterte til å melde seg på. Vi held båtar, men du kan også ta med din eigen båt om du gjerne vil det.

Det vert høve til å kappro i vikingskip (10 roarar + høvedsmann) og i færingar (1-2 roarar). Vi kan hjelpe med høvedsmann om det trengst.

Alt skjer på Helset-sida av Bjørkedalsvatnet (sørlegaste enden).Enkel matservering; lapskaus, kaffi, saft og sveler.

Deltakaravgift for mannskap: kr 100 pr person. Då kan du ro så mange gongar du vil, både i vikingskip og i færing. Gratis for barn og unge under atten år. Påmelding til keipen[a]online.no. Vi taklar det om folk dukkar opp og vil ro utan å vere påmeldt også, men det er veldig greitt om de seier i frå på førehand.

Båtedraging i Pergarden på Helset

Søndag 6. april henta Ragnar Thorseth den nye færingen som han skal ro til Shetland med i 2015. Dette er Jakob Helsets bygg nr 102 og Thorseths sjuande båt frå Bjørkedalen.

Kystlaget har adoptert båtdraging som sitt kulturminne i Forbundet KYSTENs prosjekt «Adopter et kystkulturminne». Flott å kunne avslutte kystlagets jubileumshelga med båtdraging!