Merkelapp-arkiv: frå arkivet

Rostemne på Bjørkedalsvatnet

Rostemne på BjørkedalsvatnetLaurdag 30. august frå kl 12.00.

Lag, organisasjonar, spontane grupper og einskildpersonar vert inviterte til å melde seg på. Vi held båtar, men du kan også ta med din eigen båt om du gjerne vil det.

Det vert høve til å kappro i vikingskip (10 roarar + høvedsmann) og i færingar (1-2 roarar). Vi kan hjelpe med høvedsmann om det trengst.

Alt skjer på Helset-sida av Bjørkedalsvatnet (sørlegaste enden).Enkel matservering; lapskaus, kaffi, saft og sveler.

Deltakaravgift for mannskap: kr 100 pr person. Då kan du ro så mange gongar du vil, både i vikingskip og i færing. Gratis for barn og unge under atten år. Påmelding til keipen[a]online.no. Vi taklar det om folk dukkar opp og vil ro utan å vere påmeldt også, men det er veldig greitt om de seier i frå på førehand.

FRÅ ARKIVET: Båtdraging hekksbåten 2009

Kystlagets gamle heimeside blir nå lagt ned, men det er fleire godbitar som er vært å trekkje fram frå «arkivet». Til dømes Båtdraging hekksbåten 2009 med tekst og bilete av Jørn Olav Løset frå 12. juli 2009:

Båtdraging av hekksbåten 11. juli som vart bygd vinter/vår 2009 i Jakobsskotet på Bjørkedalen. Ein hekksbåt er ein variant av kutteren med spesielt lang hekk for å gi større dekksareal bak styrehuset. Hekksbåtane vart utvikla tidleg på 1900-tallet som ein etterfylgjar til Møringsbåtane. Hekksbåtane vart også kallla Mørekutter. Den første vart truleg bygd av Sjur Bjørneset på Bjørneset i Volda. Båtene var populære i mellomkrigstida, men har ikkje vore bygd etter andre verdenskrig. Denne hekksbåten er bygd for Rune Husevåg på Eid, som skal bruke den som fritidsbåt. Denne har en 80 dieselmotor, men skal også riggast etterkvart. Båten er 36 fot lang, med god plass under dekk, reine hytta på sjøen!