Merkelapp-arkiv: dugnad

Vellukka bildeinnsamling

Presentasjon3Ettermiddagen sundag 26. januar var der bildeinnsamling på Ungdomshuset. Målet med innsamlinga er å samle bilde av båtdraging, heile prosessen med å få båtane frå båtskota og ned på sjøen. Bjørkedal kystlag har valt båtdraging, som sitt kulturminne i Forbundet KYSTEN kampanje «Adopter eit kystkulturminne». Over 200 bilete blei registert og av fotografert, bileta er viktig dokumentasjonen av båtdraging. Takk til alle som var innom med bilete og nyttig informasjon! Og takk til Magnar Høydal for god hjelp med avfotograferinga!