Merkelapp-arkiv: båtsamlinga

Heimdal’en

I haust har Hans Høydalsnes har begynt å jobbe med Heimdal’en som hører til Gideon (32 fots hekksbåt, står i Stårheimløda, M2B). Motoren er ein einsylindra semidiesel, totakts og elektrisk glødeplugg. Båten ble bygd som open seglbåt med styrebrønn. Det ble seinere -som navnet tilsier- satt inn en 8 hk Gideon. Då båtsamlingane fekk båten, sto denne Heimdal-motoren i den. Båt og motor har vært på havsens botn. Her er nokon bilete frå Hans sitt arbeid med motoren (alle foto: Hans Høydalsnes).

Skog- og handverksdag

Bjørkedal kystlag og Bjørkedal båtsamlingar markerer Kystens dag ved å sette fokus på handverka knytt til båtbygginga søndag 16. juni frå kl. 13:00

Handverksdagen i båtsamlingane har blitt ein årleg tradisjon. Bjørkedal skogeigarlag og Volda/Ørsta skogeigarlag er også med på markeringa, sidan skog, sagbruk og båtbygging heng tett saman og er delar av samme næringskjeda på Bjørkedalen.

Dette er ein open dag som passar for heile familien, med aktivitetar for barna og høve til å kjøpe lapskaus, kaffi og svele.  Du kan sjå korleis oppgangssaga verkar, korleis ein brenn tjære, prøve smiing, prate og dele historier.

Kystesdag