Bjørkedal kystlag

Bjørkedal kystlag vart skipa i 1994, som ei lokalforeining av Forbundet KYSTEN. Vi arbeider for bevaring og bruk av element innan sunnmørsk kystkultur, med særleg vekt på handverk og tradisjonar, og på bevaring og bruk av båtar bygde på Bjørkedalen eller andre stadar i Volda.

Den fyrste åra gjekk med til å samle gamle bjørkedalsbåtar for å dokumentere båtbyggarhistoria på Bjørkedalen. Etterkvart vart det mange båtar i samlinga, men berre få som var sjødyktige. I 2007 vart det difor vedteke at arbeidet skulle organiserast gjennom to lag. Bjørkedal båtsamlingar fekk ansvaret for dei båtane som er i museal stand, men som ikkje kan nyttast på sjøen. Bjørkedal kystlag vende etter dette merksemda mot fjorden og meir aktiv bruk av båtar, sjølv om laget framleis har mange aktivtetar på Bjørkedalen. Kystlaget kjøpte i 2008 MKr Nordlys (49 fot, bygd på Hemnesberget i 1943) og mykje av aktiviteten vår er konsentrerer kring dette fartøyet.

Kystlaget og båtsamlingane disponerer eller eig i dag nokre og tretti båtar. Dei fleste står i båtsamlingane, mange i naust og låvar på Bjørkedalen og nokre i hamna i Volda sentrum.

Kystlaget har i dag om lag 110 medlemmar, dei fleste frå Volda, nokre frå kommunane omkring og frå andre stadar i landet.