Årsmøte og årsmøtefesten, laurdag 27. april

Frå årsmøte 2009

Frå årsmøte 2009

Det vert årsmøte i Jakobsskotet på Søre Bjørkedal og årsmøtefesten på Ungdomshuset laurdag 27. april.

Bjørkedal båtsamlingar kl. 14:00, sjå innkalling.
Bjørkedal kystlag kl. 15:30, sjå innkalling.

Til årsmøtet høyrer sjølvsagt fest og middag. Det vert servert klippfisk med kvit saus & bacon på Ungdomshusetl frå kl. 21:00 laurdag 27. april 2013. Kaffi og kake vert det også. Middagen kostar 200.- kr. Vi har kornøl frå Pesgarden -som vi kjem til å ta tjue kroner pr halvliter for, og brus for dei som vil ha det. Elles tek du med deg det du sjølv vil drikke. Eventuelt overskot går til å drifte kystlaget og fartøya.

 

Påmelding til Tove på 918 42 458 eller Ann-Elin 951 29123, innan 20.april.

Overnatting på hytte hos Jakob på Helset. Ta med sengetøy (det er dyner der) eller sovepose. Vi skal kjøpe inn til ein enkel frukost. 100.- pr person. Betalinga ordnast via kystlaget. Sei i frå til Tove om du treng overnatting.