Båtbygging på Bjørkedalen

No er boka om båtbyggartradisjonane på Bjørkedalen her.

Boka er ei artikkelsamling som gir eit innblikk i båtbyggjartradisjonen på Bjørkedalen. Gjennom ei samling av tidligare og nyskrivne artiklar, med fleire forfattarar og ulike vinklingar, får vi kjennskap til eit båtbyggjarmiljø og ein båtbyggjarkultur av svært stort omfang. Frode Sætre er redaktør og Bjørkedal kystlag er utgjevar av boka.

Boka gir eit innblikk i båtbyggjartradisjonen på Bjørkedalen. Gjennom ei samling av 15 artiklar, med fleire forfattarar og ulike vinklingar, får vi kjennskap til eit båtbyggjarmiljø og ein båtbyggjarkultur av svært stort omfang.

Skriftlege kjelder om denne båtbyggjartradisjonen har tidlegare vore spreidd og lite samla, og nokre kjeldar har ikkje vore digitalisert. Ut frå dette er hovudmålsetjinga med denne artikkelsamlinga å få samla mykje av det skriftlege materialet om båtbygging på Bjørkedalen mellom to permar. Dette er interessant for trebåtentusiastar, for dei som er interesserte i kystkultur, kystfriluftsliv, historie, språk, og folk med tilknyting til Bjørkedalen. Vidare vil det vere ein kunnskapsbase for studentar ved Høgskulen i Volda, som vert interesserte i bjørkedalsbåtane gjennom Seksjon for idrett og friluftsliv sine kurs på Yksnøya. 

Boka kostar 398,- kronar og kan tingast hjå Bjørkedal kystlag; bjorkedalskysten@gmail.com