Årsmøte og klippfiskmiddag

Laurdag 25. april kallar Bjørkedal båtsamlingar og Bjørkedal kystlag inn til årsmøter:

Årsmøte i Bjørkedal båtsamlingar kl. 14.00 i Jakobsskotet.
Årsmøte i Bjørkedal kystlag kl. 15.30 i Jakobsskotet.

Årsmøte 15

Til årsmøtet høyrer sjølvsagt fest og middag. Det vert servert klippfisk med kvit saus & bacon i Jakobsskotet på Søre Bjørkedal frå kl 19.30 laurdag 25. april.

Middagen kostar 200.- kr. Evt overskot går til å drifte kystlaget og fartøya. Hans har laga kornøl. Brus har vi også, for dei som vil ha det.  Elles tek du med deg det du sjølv vil drikke.

Du kan også nytte høvet til å skaffe deg kystlaget si t-skjorte og/eller krus. Begge deler til 100.- pr stk. Vi sel også den nye kystsangboka. Den koster 198.-.

Det vert åresal, husk å ta med deg småpengar til det. Fine premiar, artige premiar og rare premiar. Inntekta går til Linastova i båtsamlingane.

Vi treng påmelding – for å berekne kor mykje mat som skal lagast. Påmeldinga til Tove (918 42 458), omgåande.