Årsmøte og jubileumsfest

Laurdag 5. april kallar Bjørkedal båtsamlingar og Bjørkedal kystlag inn til årsmøter:

Årsmøte i Bjørkedal båtsamlingar kl. 14.00 i Jakobsskotet. Sjå innkalling.

Årsmøte i Bjørkedal kystlag kl. 15.30 i Jakobsskotet. Sjå innkalling.

Jubileumsfest

Årsmøte 2010

Den vanlege årsmøtefesten er oppgradert til jubileumsfest, då det er tjue år sidan vi starta kystlaget! Vi ser likevel ingen grunn til å endre menyen, tradisjonar skal ein ikkje tukle med. Som vanleg kjem Arne og serverer klippfisk med kvit saus & bacon.  Etterpå vert det marsipankake og kaffi. Som vanleg får vi også bruke båtskotet i Jakobsgarden.

Vi startar kl. 20.00,  laurdag 5. april.

Vi har kornøl frå ‘Pesgarden’ og brus for dei som vil ha det.
Elles tek du med deg det du sjølv vil drikke.
Middagen kostar 200,- kr.

Vi ønskjer oss mimring, talar, songar, drikkeviser og anna underhaldning.

Vi treng påmelding – for å berekne kor mykje mat som skal lagast. Påmeldinga vil vi helst ha ei veke før, innan 30. mars.

Sende sms eller ringe Tove på 91842458 eller seie i frå til Ann-Elin, evt ringe/sms’e ho på 95129123. Sei i frå til Tove om du treng overnatting.