Rostemne på Bjørkedalsvatnet

Rostemne 2011

Rostemne 2011

Det vert rostemne på Bjørkedalsvatnet laurdag 31. august frå kl 12.00. Kystlaget er arrangør, Jakob Helset låner ut båtane og anlegget sitt.

Lag, organisasjonar, spontane grupper og einskildpersonar vert inviterte til å melde seg på. Vi held båtar, men du kan også ta med din eigen båt om du gjerne vil det.

Det vert høve til å kappro i vikingskip (10 roarar + høvedsmann) og i færingar (1-2 roarar).

Vi kan hjelpe med høvedsmann om det trengst.
Ta kontakt om de vil trene på førehand.
Alt skjer på Helset i sørlegaste enden av Bjørkedalsvatnet.

Enkel matservering (truleg lapskaus og svele).

Deltakaravgift for mannskap: kr 100 pr person. Då kan du ro så mange gongar du vil, både i vikingskip og i færing.

Påmelding til keipen@online.no eller her på sida.
Vi taklar det om folk dukkar opp og vil ro utan å vere påmeldt også, men det er veldig greit om de seier i frå på førehand 🙂