Skog- og handverksdag

Bjørkedal kystlag og Bjørkedal båtsamlingar markerer Kystens dag ved å sette fokus på handverka knytt til båtbygginga søndag 16. juni frå kl. 13:00

Handverksdagen i båtsamlingane har blitt ein årleg tradisjon. Bjørkedal skogeigarlag og Volda/Ørsta skogeigarlag er også med på markeringa, sidan skog, sagbruk og båtbygging heng tett saman og er delar av samme næringskjeda på Bjørkedalen.

Dette er ein open dag som passar for heile familien, med aktivitetar for barna og høve til å kjøpe lapskaus, kaffi og svele.  Du kan sjå korleis oppgangssaga verkar, korleis ein brenn tjære, prøve smiing, prate og dele historier.

Kystesdag