Kategoriarkiv: Nyhende

Bildeinnsamling 26. januar

Sjøsetting av "Olav Tryggvason" på Bjørkedalen i Volda i 1997. (Foto: Jakob Helset)

Sjøsetting av «Olav Tryggvason» 1997. (Foto: Jakob Helset)

Bjørkedal kystlag byr inn til bildesøndag på Ungdomshuset på Bjørkedalen 26. januar frå kl 14.00.

Bjørkedal kystlag oppmodar alle som sit på gamle bilde av båtdragingar spesielt, men også andre bilde som har noko med båtbygging å gjere, om å ta med seg desse denne søndagen. Kystlaget ønskjer å avfotografere bilda og registrere dei. Det gjer ikkje noko om bilda sit fast i eit album.

Så langt vi rekk vil bilda verte fotografert denne dagen. Om det vert mange og vanskelig å rekke alle, kan det vere snakk om å låne bilda for å jobbe med dei seinare. Vi har kunnige folk til å hjelpe med fotograferinga.

Forbundet KYSTEN har gåande ein kampanje som kallast «Adopter eit kystkulturminne». Bjørkedal kystlag har valt båtdraging, eller heile prosessen med å få båtane frå båtskota og ned på sjøen, som sitt kulturminne. Bildeinnsamlinga er eit ledd i arbeidet med denne kampanjen.

Det vert også råd å få kjøpe seg ein matbit mens ein drøser over bilda; smørbrød, sveler, kaker, kaffi, saft.