Bjørkedal kystlag vart skipa i 1994, som ei lokalforeining av Forbundet KYSTEN. Vi arbeider for bevaring og bruk av element innan sunnmørsk kystkultur, med særleg vekt på handverk og tradisjonar, og på bevaring og bruk av båtar bygde på Bjørkedalen eller andre stadar i Volda.

Kystlaget har i dag om lag 120 medlemmar, dei fleste frå Volda, nokre frå kommunane omkring og frå andre stadar i landet.

Hausten 2019 gjev kystelaget ut «Båtbygging på Bjørkedalen». Boka er ei artikkelsamling som gir eit innblikk i båtbyggjartradisjonen på Bjørkedalen. Gjennom ei samling av tidlegare og nyskrivne artiklar, med fleire forfattarar og ulike vinklingar, får vi kjennskap til eit båtbyggjarmiljø og ein båtbyggjarkultur av svært stort omfang. Frode Sætre har vore redaktør.

Les meir.